Hei, alle saman!
*Kort: *Bok-komitéen treng hjelp med bilete, repertoar, butonar og primærkjelder. SOS! Gi beskjed dersom du har eller veit om noko artig.
*Lang: *Me som jobber med jubileumsboka er no i ein prosess der me byrjar å gjere oss ferdige med sjølve teksta til boka, og har byrja å i større grad leite etter små funfacts, bilete og primærkjelder for å kunne fylle boka med enda meir morosamt som alle dykk kan lese. I det høvet er det spesielt fire ting me ber om hjelp med:
1) Me ynskjer å ha med bilete av alle kull som har vore opp gjennom. Per no har me funne bilete av KK75, KK85-87, KK00-01, og KK03-23 (og nokon på saken for å finne gode bilete av KK24 og KK25). Alle kull som ikkje er lista opp har me per no ikkje bilete av, altså store delar av 70-, 80- og 90-talet (og 2002). Dersom du har bilete liggjande frå nokre av desse kulla, gjerne send dei til meg. Me vil også veldig gjerne ha med namna på alle som er med på bileta. Dette gjelder også for dei bileta me allereie har, så dersom du var aktiv i nokre av desse åra og kan hjelpe til med å identifisere alle, gjerne send meg ein melding.
2) Hans Anders sendte ut ein e-post om hjelp til å samle inn bilete av butonar. Gjerne ta ein titt på butonar du eventuelt har liggjande, og last opp bilete av desse framfor ein nøytral bakgrunn i denne mappa https://drive.google.com/drive/folders/1sAA5FGbm761aM6-0XeBbYplh0J2h7u1w?usp=drive_link (eller send dei direkte til meg dersom du ikkje får til å laste opp). Me tek imot alt, så gjerne ta bilete av mange (og skriv litt om kvar dei er frå, dersom du hugsar det). Hans Anders er også interessert i å finne ut av *når* me byrja å bruke butonar, og korleis dette oppstod som ein greie i kormiljøet.
3) Me vil gjerne vite meir om repertoaret som har blitt brukt, kanskje spesielt frå dei tidlegaste åra. Dersom du var aktiv på 70-, 80-, 90- eller 00-talet, gjerne send meg ei melding om du kjem på noko av repertoaret frå din tid i koret.
4) Me baserer oss mykje på det som står i sogene når me skriv boka, men det finnes ingen soger frå før 1984. Me har difor eit stort hol frå 1975-1983 der me ikkje veit kva som har skjedd. Difor ynskjer me gjerne at dei som har høve sender oss litt informasjon om desse åra, eller i det minste peiker oss i riktig retning. Her tenker me alt: konsertar, turar, generalforsamlingar, øvingar, festar. Alt dykk kan kome på. Det hadde me i alle fall satt stor pris på!
Me har fordelt ansvarsområder innad i gruppa, men for å unngå at det blir for mange e-postar å halde styr på, kan all informasjon til boka sendes til meg, anten som svar på denne e-posten (hugs å ikkje trykke på 'Svar alle') eller via andre kanalar (Facebook, SMS).
Takk for all hjelp!
--- Marita Ryen Walheim KK20-22 910 05 176