Kjære jenter!

Å planlegge møte i Glede og Galskap er ikkje so lett når me er slike travle kvinner. Men me har framleis ein plan i kveld, har me ikkje? JO DET HAR ME! Det store punkt har berre vore KVAR me skal halde markeringa vår av kvinnedagen og eigen fortreffeligheit.

Astrid har stilt sin heim til disposisjon, under visse premiss:
- Ho kjem ikkje til  å kome heim før kl. 21, men dersom me vil kome før og lage til kan me godt få nøkkelen hennar og gjere det.Då må nokon møta henne på GLøs og henta nøkkelen der. (Ane??)
- Ho er også litt sliten og småsjuk for tida, og ser ikkje for seg at festen kan vare lenge etter midnatt, slik at me som gode Askepotter må trekka oss ut frå Pihlens Hule rundt den tid.

Dersom nokon opplever desse punkta som dårlege, har også Ingvild tilbudt seg å vere krisevert, men ho har litt dårleg med sitjefasilitetar.
Eg har ikkje snakka med E&E på nokre dagar, men har kanskje moglegheit for å vere heime hjå meg også. Mogleg det ikkje kan vare heile natta utan at dei kjem også, då.

Uansett: Me møtes, skraper saman litt snacks & fingermataktig føde, har med oss dei gamle kleda me ikkje vil ha lenger, drikk champis og øl og vin eller fredsbrus (som er so populært for tida) og pratar generelt om life of today. Og kanskje ein seremoni?

Love & Devotion  4-ever
Sekretøsen